Skip to content

Om jobbsøkjing

Tida er inne for å nok ein gong skaffa seg noko å gjera så ein kan tjena til saltet i kaka. Og det, kan eg seia, er meir enn eit dagsverk i seg sjølv. Ikkje berre er det utruleg utleverande og klamt å skryta seg sjølv opp og fram i ein søknad, det er utmattande òg. For i den digitale tidsalder har nokon funne ut at nettbaserte søknadar gjer livet enklare. For kven lurar eg på. For søkjarane gjev det i alle fall ein intens trang til å skjæra over pulsårane i begge handledda og leggja seg inn på lukka avdeling. Om berre alle hadde nytta same system? Nei, då hadde ikkje verda stått til påske. Eg vert galen. 

Advertisements

Om oppgåva og språket

DÅ var eg i gang. Ikkje berre har eg dukka opp her att, men eg har óg levert den første prosjektskildringa til masteroppgåva. Det kjennest heilt topp. Eg tok nemleg eit val. For å gjera det lett for meg sjølv kunne eg ha skrive oppgåva på bokmål. Det har aldri vore noko mål i seg sjølv å gjera det enkelt. Dessutan er det viktigare for meg å spela på rett lag. For å ikkje gløyma det viktigaste: Eg kan ikkje svika Bendik Uføre på eit så tarveleg vis.

(Lenkje til Mari sin blogg)

Om strukturalismen

Endeleg har modernismen kasta opp at hjernen min! Eg rakk å vera lukkeleg i eit halvt døgn før strukturalismen fiska han opp att og jafsa han i seg. Han er mykje større og sterkare enn modernismen, og eg er den minste geitekillingen som skal til setra og gjera meg feit. No er eg skikkeleg ille ute, for eg skjønnar ikkje nok av strukturalismen til å finna ein veg ut att. Ikkje er eg lingvist, og hadde eg vore det hadde det ikkje hjelpt noko, fordi du minst må vera Christian Metz for å forstå kvifor det er ein god plan å analysera film som om det skulle ha vore eit grammatisk system. Eg har skreve fire små sider med halvdårleg omsetjing frå engelsk når me skriv to døgn til levering. Eg kan ha gløymt å nemna at oppgåva innan den tid skal vera litt meir enn tre gonger så lang. Eg nyttar høvet til å gjera meg feit i mellomtida.

Om øl

I dag meiner eg at eg har gjort meg fortent til ein øl. Eg skal velja min øl med omhug, og eg skal drikka han sakte. Eg plukka av skummet med ei skei og svelgja i små slurkar. Medan eg tenkjer over kor godt øl kan vera, når ein har gjort seg fortent til det. Då eg satt og glodde inn i nakken til han framfor meg under eksamen i dag vart eg overtydd om at eg hadde fortent ein øl. Ingen kan veta korleis det gjekk, og det spelar ingen rolle heller, eg skal ha ein øl, og det skal ikkje vera ein puslete ein. Og eg gler meg. Eg utsett augeblinken til det siste. I mellomtida skal eg jobba, tenkja og lesa og førebu meg til neste slag. Kanskje vert det ein dans i kveld òg. Det hadde vore noko.

Om tid og rom

“Jeg gir stort sett faen I rom, men jeg har problemer med tid.”

 – Erlend Loe, Naiv Super

Og tida, gjeng, medan eg desperat les side på side. Eg er uviss på om det eigentleg har noko for seg, men det har eg ikkje tatt meg tid til å reflektera over. Eg puggar i dag. Eg les ord eg ikkje kan skilja frå kvarandre, fordi dei er like, og fordi dei ikkje kan har innhald. Eg kan ikkje hugsa dei i rett rekkefølgje, og då lurar eg på, treng eg eigentleg å kunna dei? Om eg ikkje kan nytta dei? Eg kan ikkje nytta dei til analyse, og då lurar eg på kva eg skal med dei. Om eg får diktanalyse på eksamen i morgon er eg ein daud mann. Om dei er snille med meg gjev dei meg Vesaas. Eg kan seia mykje om Vesaas. Eg har ingen tru på at eg får om Vesaas, men eg gjev f. Og medan eg tenkjer på om eg kan vera heldig og få Vesaas gjeng tida. Og eg får endå fleire problem med han. Eg er ikkje stressa, og det stressar meg. Eg berre likar ikkje at det nærmar seg. Eg likar ikkje å ikkje ha tid.

Om 13 ubesvarte anrop og kaos

Ikkje alle dagar verkar lineære og kronologiske. Særskilt ikkje i dag. Da eg vakna før vekkarklokka trudde eg at eg hadde god tid.  Eg slumra, og skrudde klokka av, morgonen hakka seg framover. Fram til eg skjønte at telefonen ringte. Ho var ikkje vekkarklokka nett no. –Er du vaken? Seier stemma i røret. Eg trudde jo eg var det, men mykje tyder på at eg sov. Og at eg drøymte at eg var vaken, samstundes som eg visste at det at eg var vaken berre var ein draum. –Kan eg stole på at du vaknar om eg legg på no? Fortsett stemma. Eg spelar vaken, og overtyder ho om at eg er på veg ut av senga. Noko eg fort er etter å ha sett på klokka. Eg trur ho hadde prøvd å vekka meg fleire gonger, for ”13 ubesvarte anrop” blinka mot meg då eg kikka nærare på telefonen.

Eg sitt ved pulten min ein time seinare og les i eit kappløp mot tida. Eg er åleine på skulen, ingen andre snufsar eller krøller papirlappar. Det har nett gått opp for meg kor godt det er å vera heilt åleine med eit kaotisk prosjekt då det kjem ei oransje dame inn døra og gjev meg snop. Eg bukka og skrapa. Sidan fekk eg ein tekstmelding frå ei dame som gjerne ville overnatta hjå meg. På den måten fann eg ut at eg har ei namnesyster (vel, nesten) i Narvik. Det kjem noko godt ut av alt.

Alle desse fragmenta har gjort dagen kaotisk. Eg veit ikkje lenger kva som er draum og røynd. Eg trur modernismen har ete opp hjernen min til frukost.

Om pauserommet

Eg har eit ambivalent forhald til pauserommet på 6 høgda. Det er eit heilt greit pauserom, to bord med stolar rundt, eit salongbord og fire sofaer. Ein kan kvile i sofaen, i alle fall om ein ikkje har noko imot nærkontakt med eit heilt brød i smuleform. Eg har ikkje noko direkte imot pauserommet, sjølv om det er beint fram neddrittent bestandig. Eg har noko imot det pauserommet gjer med meg. Om eg går inn der, er det stor fare for at eg vert der lenge. Ein halv time, minst. Og det har eg jo ikkje tid til. Eg kan stikka ein arm inn og fylla flaska mi med vatn, men går eg inn med heile meg vert eg som oftast fanga. Stort sett er det anna folk der óg. Stort sett er desse folka infovitarar. Det er umogleg å seia om dei likar meg, og eg er neimen ikkje viss på om eg likar dei heller. Det er ikkje godt å veta. Det finst sjølvsagt unntak, men dei er ikkje interessante i denne samanheng. Inn til vidare held eg meg oftast unna pauserommet.